Nyheter:

 

        24 timar på Lifjell går av stabelen i helga.

           (les om dette) 


       Sjøaure-tur. 

           (les om dette)

 

       Isfiskekonkurranse. 

          (les om dette)

 

           Årsmøtet.

           (les om dette)


        Husk årsmøtet 3. mars kl. 1900 i klubbhuset på Oterholt !.

 

        Takk til støttespelarar.

           (les om dette)

          

 

       40-årsmarkeringa.

       (les om dette) 

 

           

       Husk fangstrapportering !

       (les om dette)

 

          Desinfeksjonsstasjon. 

          (les om dette)



       Vi feirar 40- årsjubileum.

  •      (les om dette) 
  •  
  •      Ungdommen dominerte "24 timar på Lifjell".

          (les om dette)

 

          Obs. Årets "24 timar på Lifjell" blir helga 25./26. juni.

          Sjå annonse i Bø Blad 23.6.


       Fluekastekurs.

        (les om dette)  


       Årsmøtet.

          (les om dette)


       Vi etterlyser fangstrapportar for 2015 ! 

          (les om dette) 


 

          Desinfeksjonsstasjonar.

         (les om dette) 


 

       Settefisk for salg. 

            (les om dette)    


       Stor vassføring.  

          (les om dette)  


       Gapahuken.

          (les om dette)         

 

       Resultat frå 24 timar på Lifjell.

       (les om dette)

 

       24 timars fiskekonkurranse.        

          (les om dette)

   

       Markering av Friluftslivets år.

          (les om dette)

 

       Nye kart.                      

          (les om dette)


 

          Folkemøtet.

         (les om dette)


 

       Vassprøver.

       (les om dette)

 

       Bøelva er i fokus. 

          (les om dette)

                            

       Husk fangstrapport !

          Det gjeld og deg som deltar i fiskekonkurransane !

         

            

       Fiske på Lifjell.  

          Kultiveringsarbeidet vårt på Lifjell har gitt resultat.


         Les om dette i "Alt om fiske"

 

 

Besøk oss på  Facebook




Om oss.

Bø Fiskelag blei skipa 28. juni 1976 og hadde i starten 24 medlemer. Medlemstalet er idag ca. 700. Meir om historia vår kan du finne om du går inn på sida "Historie" i menyen til venstre.


Formålet med verksemda vår er å arbeide for å fremja sportsfiske og friluftsliv som fritidsaktivitet innanfor Bø kommune med næraste omland.

I føremålsparagrafen, som er §2 i lovane, heiter det at laget skal:        

       1) Fremja og verna om fisket i elvar og vatn.

       2) Fremja interesse for fiske og friluftsliv hos ungdom.


Hovudaktivitetane våre er: Stamfiske, klekkeridrift og fiskekulturarbeid (utsetting av yngel og settefisk, kalking, pH-målingar, bestandsundersøkingar, tynningsfiske etc.).

Dessutan driv vi med fiskekonkurransar og instruksjon i flugebinding og flugekasting.

Vi må heller ikkje gløyme det sosiale, og i lagshuset, som du ser bilete av nedanfor, har vi "ope hus" for medlemer kvar torsdag klokka 19.


  Mykje av friluftsaktivitetane til Bø Fiskelag er sentrera om Lifjell, og ved Holmen, på den høgaste delen av Lifjell, har vi hytte til bruk for aktive medlemmer.


Vi finansierar verksemda vår ved medlemskontingent, fiskekortsal, sal av yngel og settefisk frå klekkeriet, utleige av lagshuset og arrangement av ymse slag. 


Klikk på "Fotogalleri" i menyen til venstre, så får du bilete frå den mangearta verksemda i laget.


Kor finn du oss ?         

Hovudbasen vår er lagshuset ved Oterholtfossen, der vi har kontor/møterom og fasilitetar for sosialt samvær. Huset ligg sers fint til, og på terrassen kan ein sitja og sjå - og ikkje minst høyra - fossen slik han ter seg med skiftande vassføringar.

Like i nærleiken har vi klekkeriet som har vore i drift sidan 1978.

 

Adressa vår er: Haugesagvegen 21, 3800 Bø.

Vil du kontakta oss pr. e-post, t.d. om å bli medlem, så er adressa bo.fiskelag@gmail.com. Kven som p. t. sit i styre og utvalg finn du i menyen til venstre.

 

Kor kan du fiske ?

Sjå sida "Fiskemulegheitar" i menyen til venstre.

 



             


           Lagshuset